Storleik: 61x46 mm
Ei lekker hårspenne som tilfører frisyren den riktige elegansen. Den er laga i forgylt sølv med nydeleg filigrandekor og raude steinar. Har du bunad med forgylt bunadsølv, som til dømes Fana, Hardanger og Voss, vil denne hårspenna passa perfekt. Kraftig klype sørgjer for godt feste i håret.