Karikniven er ein handlaga bunadskniv med flotte konturar. Skaftet er av masurbjørk og har sølvholkar med akantusdekor. Knivbladet er smidd for hand og laminert med herda stålkjerne i midten. Skinnslira er sydd for hand, og har i likskap med skaftet, sølvholkar med akantusdekor. Eit godt norsk handverk og flott tilbehør til dei fleste damebunader.