Ingenting blenkjer meir enn det rette bunadsølvet, men over tid vil sjølv den vakraste sølja trenga litt puss og stell. Det er ikkje mykje som skal til – Her får du framgangsmåten.
Dette gjer du – uansett om du har kvitt, forgylt eller oksidert bunadsølv:
1. Fyll ein plastbolle med lunka vatn, nokre dråpar Zalo og 1 ts salmiakk for kvar liter vatn.
2. La sølvet liggja oppi i ca. 10-15 minuttar, før du vaskar det forsiktig med ein liten kost (f.eks. tannkost).
3. Vask av med reint vatn og tørk med ein mjuk klut. Gå gjerne over med ein hårfønar for å vera sikker på at det er heilt tørt. Då unngår du matte flekkar på bunadsølvet.