Storleik: 60x30 mm
Pynt opp frisyren med denne hårspenna i oksidert sølv og du er festklar på eit blunk. Utgangspunktet er dei flotte maljene til Telemark, så dersom du har Beltestakken eller bunad frå Aust-eller Vest-Telemark, er det lekkert med denne hårspenna. Den blir også laga i gamalforgylt sølv slik at den passar til bunader med gamalforgylt bunadsølv.