SPOR

 

Norsk design - norsk produksjon

Smykkeserien SPOR er ny design som hentar inspirasjon frå norsk natur og kulturarv. Den har ei enkel moderne form, med ein vri av retro. Formene som er nytta har klare referansar til tradisjonsrik smykkekunst, men er omarbeidd, og brukt på ein ny måte. Overflatene har strukturar som skapar kontrastar mellom det blanke og det matte, inspirert av organiske former ein finn i naturen. Smykka i kolleksjonen kan kombinerast på ein personleg måte, til ulik bruk. Med sitt særeige utrykk framstår smykka som tidlause, sofistikerte og røffe, alt etter måten dei vert sett saman på. 


Smykkeserien SPOR er designa av Anne Lise Tollefsen, og utforma i 
samarbeid med Sylvsmidja på Voss.

 

SPOR serien er laga i 925/830 sølv, og er i sin heilskap produsert i Sylvsmidja sitt unike fagmiljø. Smykka er såleis kortreiste, bærekraftige produkt.